|
PRESSEMELDING - PRESSEMELDING - PRESSEMELDING - PRESSEMELDING
Valdreskappleik i Vang
Laurdag 10. april blir Valdreskappleiken 2010
arrangert på Åsvang i Vang. Det er Valdreskvelven spel- og
dansarlag som står for kappleiken, som er ei tevling i folkemusikk
og runddansmusikk med tilhøyrande dans.
Kappleiken plar samle unge og eldre utøvar frå heile Valdres,
og i blant kjem det også tilreisande for å måle seg
med valdresspelemenn og -dansarar. Det blir tevla i sju klassar, og deltakarane
blir delte inn i rekruttar (under 12 år), juniorar (12-18 år)
og seniorar. Klassane ein kan stille i er eldre folkemusikkinstrument
(langeleik, munnharpe, fløyter, lur, bukkehorn), spel (hardingfele
og vanleg fele), samspel/gruppe, torader/trekkspel, vokal, open klasse
og dans (springar/springleik, gangar/bonde, laus/halling, lagdans og runddans).
Fest med finalekonsert
Det meste av kappleiken går på dagtid medan kvelden er tid
for konsert, premieutdeling og dans etter mange orkester og spelemenn.
Men litt tevling er lagt til kveldstid, for då skal den beste prestasjonen
totalt kårast. Klassevinnarane frå dagkappleiken møtest
til ein finalekonsert der dommarane har i oppgåve å finne
den eller dei som totalt sett har den beste framføringa. Årets
runddanspar skal også kårast under dansefesten. Her kan alle
runddansglade slenge seg med meir eller mindre på sparket.
Samarbeid med Vinjerock
Med Valdreskappleik i Vang meiner arrangørane at eit samarbeid
med Vinjerock kunne høve. Og det tende vinjerockarane umiddelbart
på. Difor kan beste junior på Valdreskappleiken reise heim
med ein gratisbillett til årets Vinjerock i lomma. Og ikkje mindre
blir bonusen for vinnar av finalekonserten. Vinjerock brukar å avslutte
festivalen med folkemusikk på scena Vesle Vinje. I år vil
sigrande finalevinnar på Valdreskappleiken få dette oppdraget.
Det bør difor ligge an til ein hard kamp om bestemannspremien.
Påmelding
Kappleiksleiar Kari Hagaseth oppmodar alle folkemusikarar og - dansarar
om å merke seg tidspunktet for kappleiken, og gjerne melder seg
på så fort som råd. - Bruk nettadressa http://www.paamelding.folkemusikk.no,
seier ho. Skulle nokon få hug til å delta på sparket,
opnar ho for påmelding heilt fram til kappleiksstart laurdag 10.
april. - Bli med og lag ein minnerik kappleik, anten som deltakar enn
publikum, avsluttar ho.

Ein del av staben som skal arrangere Valdreskappleiken 2010. Framme
frå venstre Sigrid S. Eggen (mat), Ivar Hemsing (lyd, scene, dansemusikk),
Kari Hagaseth (leiar). Bak Ingrid Skavhaug (pynting/rydding) og Frode
Rolandsgard (premiar).
|
|